Bitcoin-Sunde tapte mot Nordea i retten

Sturle Sunde blir nekta å vere kunde hos Nordea og går til sak mot dei.

Sturle Sunde blir nekta å vere kunde hos Nordea og går til sak mot dei. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein av Noregs største bitcoin-vekslarar Sturle Sunde saksøkte Nordea i 2017 då han vart nekta å vere kunde i banken. No har han tapt i tingretten.

DEL

Sturle Sunde har drive med kjøp og sal av bitcoin i mange år, han er per i dag ein av landets største vekslarar av denne internettbaserte valutaen. I dag vart saksmålet der Sunde kjempar for å få att firmakontoen hos Nordea avklart i Oslo tingrett. Nordea er ein av fleire bankar som nekta bitcoin-gründeren og andre liknande bedrifter kundeforhold.

– Trass i at Sturle Sunde har følgt kvitvaskingslova og ikkje er mistenkt for kriminell verksemd tapte Sturle Sunde i retten. Bankane har de-facto inført næringsforbod mot bitcoin, skriv dagleg leiar Sylvia Johnsen i selskapet Bitmynt i ei pressemelding.

Dei skriv vidare at dei vil anke dommen, og at dei registrerer sterkt på at han tapte saka om å få opprette ein firmakonto i Nordea. Han må betale banken sine saksomkostnader på nær 390.000 kroner.  Det er andre gongen han tapar mot Nordea i retten.

Les også: Sturle tapte saka mot Nordea

Fryktar kvitvasking

Hausten 2017 sa Nordea opp kundeforholdet med selskapet Bitmynt as, som er drive av Sturle Melvær Sunde. Det førte til at Sunde saksøkte Nordea. Retten å si side hevdar at ved at Sunde driv bitcoinhandel kan ikkje Nordea oppfylle sine forpliktingar i høve kvitvaskingslova.

Les også: – Eg blir framstilt som ein kjeltring

I dommen står det skrive at «Retten er etter en samlet vurdering ikke i tvil om at risikoen for hvitvasking og transaksjoner med tilknytning til straffbare handlinger er klart forhøyet med handel med bitcoin selv om bitcoinhandel nå også i stor grad gjøres med legitime formål».

På basis av dette meiner tingretten at banken har det reine på side når dei nektar selskapet å vere kunde hjå dei.

Stoppar marknadsutvikling

– I løpet av 2017 gjekk kursen på bitcoin i taket, og bankane opplevde at veksten i store driftsresultat bremsa i det profesjonelle investorar og daytradere valte å migrere kapital frå aksjar i bitcoin og anna blokkjedeteknologi. Bankane sitt forsøk på å stoppe denne marknadsutviklinga inneber at dei bryt finansavtalelova, konkurranselova og kvitvaskingslova, skriv Johnsen.

Artikkeltags