Gå til sidens hovedinnhold

Bilvelt i Svelgen

Artikkelen er over 18 år gammel

SVELGEN: Ein person er send på sjukehus etter ei trafikkulykke i Svelgen torsdag kveld.

Bilen velta og vart liggande på taket og blokkerte vegbanen. Vedkomande var bevisst og krabba ut av bilen ved eiga hjelp, men var såpass skadd at han måtte til sjukehus. Truleg kom bilen borti ein stolpe. Etter det politivakta i Florø har fått opplyst var det sannsynlegvis berre ein person i bilen. Dei visste heller ikkje kor alvorleg skaden var.

Uhellet skjedde like før klokka 20.00. Ein time seinare var vegen enno ikkje opna. Det hadde danna seg lange køar med bilar på begge sider av ulykkesstaden. Politiet opna opp for trafikk ei kort stund og slepte køar forbi, like etter at dei rydda plass for ambulansen.