Bilulykke på Grov

SKADD: Denne bilen kolliderte med hengaren til ein personbil på veg austover på Rv 5. Det er glatt på staden der ulykka skjedde. Foto: Dag Nesbø Frøyen

SKADD: Denne bilen kolliderte med hengaren til ein personbil på veg austover på Rv 5. Det er glatt på staden der ulykka skjedde. Foto: Dag Nesbø Frøyen Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

To personbilar small i kvarandre i krysset Rv 5 og Fv 614 på Grov i 15-tida tysdag.

DEL

Det var ikkje synlege teikn til alvorleg personskade på dei tre personane involvert i kollisjonen, men det hadde ikkje vore medisinsk personell på staden då Firdaposten kom dit.

Det var ein personbil på veg frå Svelgen mot Førde som truleg har feilrekna vegfestet då den skulle ta av frå Fylkesveg 614 og køyre inn på riksveg 5.

Den trefte hengaren på ein varebil som kom austover rv 5. Høgre framskjermen på bilen vart trykt inn og heile høgresida vart kraftig skadd. Bilen vart kasta inn til venstre i køyrebana, der den stod ukøyrbar og med store skader. Kjøleveska frå motoren lak også ut i vegen.

Køyrebana til venstre var derimot open slik at trafikken langs vegen kunne passere som normalt. Hengaren bilen kolliderte med var skadd, men bilen verka å ha kome frå uhellet utan større skader.

Firdaposten kom like bak og fekk kontakta Havn Auto i Eikefjord, som på kort tid var på hjul for å berge bilen.

Artikkeltags