Biltema snusar på Florø

Biltema sitt store konseptvarehus på Bryne.

Biltema sitt store konseptvarehus på Bryne. Foto:

FLORØ: Selskapet bygger ut over heile landet, og ser på Florø som ein mogleg plassering.

DEL

Biltema bygger nytt og utvidar samstundes eksisterande varehus. Selskapet har no 64 varehus i Norge. Målet er 100.

– Vår erfaring er at kundane ønsker heile varesortimentet og sjeldan har tid til å vente på levering. Difor satsar vi på store, fysiske varehus som har alt på lager. Samstundes legg til rette vi for ein betre online-service ved blant anna å ruste opp nettsida vår og teste ut vårt nye Kjøp & Hent-konsept. Sistnemnde er i testperioden retta mot proffkundar i utvalde varehus, seier dagleg leder Egil Iversen i Biltema Norge i ei pressemelding.

Biltema utvidar byggsortimentet og tar inn stadig fleire plasskrevjande varer. Dette har bidrege til at fleire av dei eksisterande varehusa er blitt for små. Nå blir utvida de til store konseptvarehus på opptil 7500 kvadratmeter.

Utelukkar ikkje Florø

I tillegg har Biltema konkrete byggeplanar blant anna på Furuset i Oslo, Forus i Stavanger, Voss, Stord, Mosjøen, Gol, Gjøvik, Hamar og Slitu nær Askim i Indre Østfold. Men det stoppar ikkje der.

Biltema skriv i pressemeldinga at dei også har følarar ute over heile Norge, og ser på alle stader med eit godt kundegrunnlag, for eksempel Hammerfest, Halden, Lillestrøm, Ski – og Florø.

– Vi får dagleg kring 20 førespurnader frå folk som ønsker å få eit Biltema-varehus i nærleiken. Både ordførarar, politikarar og vanlege folk er blant dei som tar kontakt. Filosofien vår er kort avstand mellom kunde og varehus, vi held handelen lokal og bremser handelslekkasjen. Det er bra for miljøet og bra for handelen i distrikta, seier Iversen.

Rask vekst

Biltema har vakse raskt dei siste årene. I løpet av fem år auka driftsinntektene med over 70 prosent, frå 2,23 milliardar i 2012 til 3,83 milliardar i 2016.

Det er ikkje berre omsetnaden som aukar.

– Sortimentet har økt kraftig, mens lågpriskonseptet er godt varetatt. Vi bidrar til økt konkurranse innan alle våre varegrupper, blant anna i bygge-, elektro- og sportsbransjen, seier Iversen.

Men ikkje alle ønsker Biltema velkommen. Problem med reguleringsforhold har stoppet eller forsinka bygginga av fleire planlagde varehus.

– Ein del politikarar meiner at vi skal halde til i mindre lokale i kjøpesenter i bykjernen, og ikkje i store varehus utanfor sentrum. Det vil aldri fungere for oss. Mange av våre kundar trenger å komme til med bil og tilhengar, og de krev at vi har store varehus og alt på lager, seier Iversen.

Artikkeltags