Bilgjømsle i helga?

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

I nauden lærer einkvar rånar å spinne. For rett skal vere rett; Det er ikkje så veldig mykje ungdom kan finne på å gjere i Florø no i haustferien.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Difor har ein gjeng nokså kreative, unge rånarsjeler kome på det som kanskje blir eit nytt lokalt fenomen for ungdom med bil: Bilgjømsle.

Ja, du leste riktig: Bilgjømsle.

Ei facebookgruppe for aktiviteten er allereie på plass, og dei planlegg å byrje leiken fredag kveld. Per onsdag ettermiddag har 21 unge meldt at dei vil delta.

For å gjere ei lang forklaring kort; bilgjømsle er som gjømselleiken frå ein var liten, berre at ein i denne leiken sit i bilar.

Ein av bilane gøymer seg ein stad i Florø, medan dei andre bilane leitar. Den som gøymer seg skal kvart 10. minutt sende eit hint via SMS. Når vedkomande er funnen, køyrer alle til Amfisenteret og byrjar på nytt att.

Artikkeltags