Gå til sidens hovedinnhold

Bil køyrde av vegen

Artikkelen er over 6 år gammel

EIn personbil køyrde av vegen ved Tonheimsstranda søndag.

Søndag ettermiddag i 12.30-tida fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Flora.

Ein personbil med to personar i hadde køyrd av vegen på Rv 5 på Tonheimstranda like vest for Eikefjord.

- Bilen har knekt ein del rekkverkstolper før den gikk gjennom rekkverket og havna i ei stikkrenne på oversida av vegen, melder politiet i loggen.

Bilen køyrde vestover då hendinga fann stad.

Brannvesen, ambulanse og politi rykka ut.

Den kvinnelege passasjeren i bilen klagde over smerter i kroppen etter ulykka.

Det var våt asfalt og ca. 5.5 grader på ulykkesstaden. Politietet beslagla førarkortet midlertidig, men det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring.

Kommentarer til denne saken