Riggen kjem ikkje til Florø likevel

Bideford Dolphin ved kai hos Westcon Florø måndag 12. september 2016.

Bideford Dolphin ved kai hos Westcon Florø måndag 12. september 2016. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Boreriggen Bideford Dolphin kjem ikkje til Florø likevel, slik planen var. Det stadfestar verftsdirektør Mikael Johansen i Westcon Yards Florø til Firdaposten.

– Planane til eigarane har endra seg, difor er oppdraget kansellert, seier Johansen. Men kva det skuldast vil han ikkje kommentere.

Han trur ikkje dette vil få nokre konsekvensar for drifta ved Westcon Yards Florø.

– Men vi ønsker sjølvsagt mest mogleg arbeid. Vi er spesielt på jakt etter riggoppdrag,  i og med at dette er eit satsingsoppmråde for oss. Det er veldig få riggoppdrag som er mogleg å få tak i, så vi var veldig glad for å få Bideford Dolphin, seier Johansen.

Riggen var ved Westcon Yards i Florø for å få utført vedlikehaldsarbeid hausten 2016, og var verftet sitt aller første riggoppdrag etter utvidinga av skipsleia.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken