Han vil gi deg nøkkelen til biblioteket

Jacob Nødseth og Venstre vil gi brukarane tilgang til biblioteka i Kinn også utanfor ordinær opningstid.

Jacob Nødseth og Venstre vil gi brukarane tilgang til biblioteka i Kinn også utanfor ordinær opningstid. Foto:

KINN KOMMUNE: Jacob Nødseth (V) fremjar forslag om at biblioteka i Kinn skal inngå ei kontrakt med brukarane, slik at lånekortet i praksis blir ein nøkkel.

DEL

I Florø er biblioteket stort sett ope på dagtid etter klokka ti, medan opningstidene i Måløy varierer litt meir; ein opnar og stenger seinare nokre dagar. Jacob Nødseth kallar tilbodet til innbyggarane "tidsmessig ganske avgrensa og lite fleksibelt".

Difor vil han innføre ei ordning der brukarane inngår ei kontrakt med biblioteket og får tilgong også utanfor ordinær opningstid. Ordninga Nødseth siktar til blir kalla "meirope bibliotek", og er innført av mange bibliotek landet rundt. Den går i kortheit ut på at brukarane inngår ei kontrakt med biblioteket sitt og får, via lånekortet, tilgang til lokala også utanom bemanna opningstid.

Ordninga har vore kjend i Danmark sidan 2004, og i 2016 tilbaud 86 av 97 kommunar der meiropne folkebibliotek. Den er også teken i bruk i Sverige. Eit meirope bibliotek har altså ope ut over ordinær opningstid, for dei av brukarane som har inngått ei kontrakt med biblioteket. Typisk opningstid kan då vere mellom klokka 07 og 23.

– Vår vurdering er at dette må vere eit særs positivt tiltak i ein kommune som vår. Det vil virke sosialt utjamnande, inkluderande og vise at kommunen vil tilpasse seg innbyggarane sine, rett og slett henge med i tida. Og det utan at det treng koste spesielt mykje, er argumenta frå Nødseth og Venstre.

Saka skal opp som ein interpellasjon i Kinn kommunestyre.



Artikkeltags