BG og GDF Suez inngår helikoptersamarbeid

HAR KAPASITET: GDF Suez valde å få på plass eit eige helikopter i Florø for for å serve Gjøa plattforma då dei etablerte seg på Fjord Base. Helikopteret har restkapasitet dei no sel ut til BG Norge som skal bygge ut Knarrfeltet.

HAR KAPASITET: GDF Suez valde å få på plass eit eige helikopter i Florø for for å serve Gjøa plattforma då dei etablerte seg på Fjord Base. Helikopteret har restkapasitet dei no sel ut til BG Norge som skal bygge ut Knarrfeltet. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

BG Norge AS som no etablerer seg på basen for å bygge ut Knarr-feltet har inngått ein kontrakt med GDF Suez om bruk av deira helikopter fram til 2015.

DEL

Avtalen inngått mellom dei to partane har ein verdi på 45 millionar kroner årleg. BG har behov for opp til ti turar per veke no i perioden dei borar og i starten av drifsfasen.

Avtalen strekk seg fram til 2015 og med opsjon på eit år til.

- Felles bruk av helikopterressursar er ein vinn-vinn situasjon for oss og for BG Norge AS. Dei har behov for helikopterressursar og vi har kapasitet, seier Vibeke Mowatt leiar for lufttransport og marine operasjonar i GDF Suez.

Ho fortel dei har hatt eit godt samarbeid og kontakt med BG sidan dei ville bygge ut Jordbær-feltet (no Knarr). Ho er glad for at dei no har kome fram til ein avtale og at dei ser fram til eit godt samarbeid i åra framover. Avtalen mellom partane blir signert torsdag.

Rolf Pedersen, base og logistikksjef i BG Norge AS seier i ei pressemelding at han er glad for at dei no har inngått ein avtale med GDF Suez. Han hevdar avtalen er god for dei to oljeselskapa, men også for CHC og helikopterbasen i Florø.

Artikkeltags