Gå til sidens hovedinnhold

- Beste traseen med hensyn til fugl

Artikkelen er over 8 år gammel

- Traseen OED har gitt konsesjon til i Flora er best av hensyn til fugl. Utgreiingane for friluftsliv, turisme, kulturminne og inngrepsfrie område peikar også på denne traseen som best, seier politisk rådgjevar Ivar Vigdenes, som understrekar at 420 kv-vedtaket står fast.

- I Flora var det omsøkt fleire alternativ. Alle desse alternativa har vore på høyring og befart. OED endra NVE sitt vedtak, slik at traseen no skal gå via det konsesjonssøkte alternativet om Storebru. Avgjerande for departementet sitt val av trasé var at denne i størst grad ville medføre samlokalisering/parallellføring med eksisterande leidningsnett på strekninga.

Dette skriv politisk rådgjevar i Olje- og Energidepartementet Ivar Vigdenes i eit lesarbrev i Firdaposten si papirutgåve torsdag.

- Dermed unngjekk ein framføring av kraftline i område utan særleg store inngrep frå før, og der ytterlegare bebygging ville bli berørt. Å samlokalisere kraftliner er på ingen måte noko uvanleg grep. Ein unngår å bandlegge nye areal, det estetiske inngrepet vert redusert, og vi unngår unødige naturinngrep, skriv Vigdenes, og held fram:

-Hensyn til fugl

- Traseen OED ga konsesjon til var også best av hensyn til fugl. Utgreiingane for friluftsliv, reiseliv/turisme, kulturminne/kulturmiljø og inngrepsfrie område peika også på denne traseen som best.

- Det er ved fleire høve reist spørsmål rundt grunngjevinga for trasévalet i Flora kommune, når det gjeld framføring av kraftlina mellom Ørskog og Sogndal, og det er grunnen til at han no skriv lesarinnlegg, påpeikar han.

Avgjersla om å bygge kraftlina blei fatta 21.desember i fjor, etter ein meget lang og grundig prosess, og departementet sitt vedtak står fast, understrekar han.

Alle parti råka

- Langs ei ca 300 km lang kraftline, med mange hundre mastepunkt som råkar rundt 1000 grunneiegarar, vil truleg grunneigarar av alle partifarger bli berørt. Det er et betydeleg engasjement rundt bygging av kraftliner, også i Flora. Her måtte departementet vege vanskelege omsyn opp mot kvarande. Eventuelt partimedlemskap hos grunneigarar har ikkje vore eit slikt omsyn, skriv Vigdenes.

- Alle traséalternativ ville medført at nokon fekk master og line over sine eigedommar eller i nærleiken av seg. Departementet er likevel nødt til å treffe ei avgjerd, i denne saka som i andre saker, dersom vi skal få bygd ut straumnettet vi alle treng, skriv han.

Har ikkje fått svar etter "oppvaskmøte"

- Ap har ikkje sett seg inn i saka