Øyulf Hjertenes sluttar som redaktør i Bergens Tidende

NYE UTFORDRINGAR: Øyulf Hjertenes sluttar som redaktør i Bergens Tidende, men skal vere styreleiar i avisa i framtida. No ventar nye - og kanskje endå større - utfordringar i Schibsted-systemet på florøværingen.

NYE UTFORDRINGAR: Øyulf Hjertenes sluttar som redaktør i Bergens Tidende, men skal vere styreleiar i avisa i framtida. No ventar nye - og kanskje endå større - utfordringar i Schibsted-systemet på florøværingen. Foto:

Ny leiarjobb ventar i Schibsted, skriv medienettstad.

DEL

Ifølgje Medier24.no sluttar florøværingen Øyulf Hjertenes som ansvarleg redaktør i Bergens Tidene. Hjertenes har vore øvste redaksjonelle leiar sidan 2015, men no ventar nye utfordringar.

Hjertenes går inn i ei heilt ny rolle som direktør i Schibsted Kyst, som består av Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Vestnytt, Askøyværingen, Bygdanytt og Strilen.

Han blir også styreleiar i BT og Stavanger Aftenblad.

Frøy Gudbrandsen, som i dag er politisk redaktør i BT, blir konstituert sjefredaktør.


Artikkeltags