Bergar fylket med isolasjon

Foto:

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: På ei veke i mars selde Byggeriet i Florø like mykje isolasjonsmateriale som i heile fjor. Store delar av byggjeverksemda i Sunnfjord ville ha stogga heilt opp om ikkje Byggeriet i Florø hadde kunna skaffe isolasjon frå ein fabrikk i Estland.

DEL

– På ei veke hadde vi 7-8 vogntog her med Isover frå Estland, eit isolasjonsmateriale som liknar på Glava. Dette er like mykje som vi leverte i heile fjor. Heile fem av lassa gjekk til andre enn Byggeriet sine faste kundar, fortel dagleg leiar ved Byggeriet i Florø Bjørn Wefring.

Produksjonsstopp

Årsaka er stor mangel på isolasjonsmateriale etter at storleverandøren til den norske marknaden; Glava, måtte byggje om ein av produksjonsomnane.

Hadde ikkje Wefring med hjelp av ein firmakontakt i Bergen blitt kopla til produsenten i Estland ville, arbeidet på mange bygg her i fylket ha stogga opp i mangel på isolasjonsmateriale. I tillegg til å ha berga lokale konkurrentar i Florø, har han også levert til Naustdal, fleire kundar i Førde, til Sogndal og jamvel heilt til Vik i Sogn.

Hamstra

Glava har måtta halvere produksjonen i ein periode der norsk byggeaktivitet slår alle rekordar.

Resultatet har vore til dels panikk og hamstring. Heller ikkje andre kjende produsentar som Rockwool har kunna levere nok. Lageret til Byggeriet i Florø er no fylt opp med store plastpakkar med Isover. I dag var ein av Per Bortheim sine bilar og henta nytt lass som skulle til Førde. Wefring reknar med å få endå eit vogntog oppover frå Estland før påske.

Artikkeltags