Gå til sidens hovedinnhold

Berga ut av fjæra

Artikkelen er over 12 år gammel

"Vårøybuen" er ute på si siste ferd.

I ettermiddag kjem ein slepebåt frå Stadt Sjøtransport til Fanevikkaia i Florø med vraket av "Vårøybuen" liggande på ein lekter.

Den 19 meter lange garnbåten frå Sør-Audnedal i Lindesnes kommune grunnstøytte onsdag for to veker sidan ved Sandsøy på Sunnmøre, då båten var på veg til fiskefeltet.

Dei fire om bord i "Vårøybuen" vart berga etter ein dramatisk redningsaksjon. Båten fekk store skader under havariet, og det var allereie klart då at den ikkje lenger var sjødyktig.

I tida etter forliset har sjarken dessutan lege og stanga mot fjæresteinane og blitt endå meir ubrukeleg.

Ole Petter Dahl, dagleg leiar i det Svelgen-baserte Stadt Sjøtransport, fortel at dette var eit vanleg oppdrag for selskapet. Men "Vårøybuen" låg på ein verutsett plass, og det var vanskeleg å kome til.

No skal båten fraktast vidare til Stord, der den skal skrotast.

Dahl opplyser at Stadt Sjøtransport har fullt opp å gjere. Dei tek hovudsakleg taubåtoppdrag for offshorenæringa og verftsindustrien. Firmaet har fire taubåtar og får den femte seinare i år.