Politiet får farten opp til sjøs

RS Halvdan Grieg på veg ut Florøvika. No kan dei også rekvirerast av polititet, når dei har bruk for forstekingar til sjøs.

RS Halvdan Grieg på veg ut Florøvika. No kan dei også rekvirerast av polititet, når dei har bruk for forstekingar til sjøs. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein ny beredskapsavtale med Redningsselskapet gir politiet moglegheit til å nytte seg av 50 redningsskøyter langs heile norskekysten.

DEL

 - Avtalen vil føre til styrka beredskap og redusert responstid ved politioperative aksjonar. Mobilitet til sjøs er viktig for politiet og eg er glad for at vi har fått denne avtalen på plass, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.

Dermed utvidar Redningsselskapet sitt oppdrag til også omfatte hurtig respons frå politioperativt personell. Avtalen blei signert onsdag 31. januar og trer i kraft fra torsdag 1. februar 2018.

– Når vi knyter redningsskøytene tettare til politiet, styrker vi beredskapsevnen i det norske samfunnet, og vi er svært glade for denne avtalen. Erfaringene frå 22. juli 2011 viser kor viktig det er med god samhandling mellom ressursane, seier generalsekretær i Redningsselskapet, Rikke Lind.

Redningsskøytenes  førsteprioritet er å levere søk- og redningsberedskap (SAR) koordinert av hovedredningssentralane. Gjennom beredskapsavtalen kan politiet rekvirere redningsskøyter i alle politidistrikta i akutte situasjonar. Ved samtidskonflikt vil SAR-oppdrag normalt ha førsteprioritet.

Redningsselskapet er med sine 50 redningsskøyter Norges viktigaste operative sjøredningsressurs. I fjor utførte Redningsselskapet 76 prosent av alle sjøoppdraga til Hovedredningssentralane. 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken