Førde får eige ambulansehelikopter

KJEM SNART: Eit slikt helikpopter er om kort tid på plass i Førde.

KJEM SNART: Eit slikt helikpopter er om kort tid på plass i Førde. Foto:

Av

HELSE: Det første nye ambulansehelikopteret er på plass. Snart er det Førde sin tur.

DEL

Opplæringa av mannskap er i gang,  og i løpet av våren vil 15 nye ambulansehelikopter blir plassert utover i landet, skriv Luftambulansetenesten på sine heimesider.

Norge er det første landet i verda til å ta i bruk det avanserte helikopteret frå Airbus, som heiter H135 T3H, i sivil luftfart. Det skriv Firda.

Helikoptera blir utplasserte på 12 basar, som ligg i Arendal, Lørenskog, Ål, Dombås, Stavanger, Bergen, Førde, Ålesund, Trondheim, Brønnøysund, Evenes og Tromsø.

Dei nye helikoptera betyr auka sikkerheit for mannskap og pasientar under flyging, seier administrerande direktør i Luftambulansetjenesten, Øyvin Juell.

Det nye helikopteret har større løfteevne, kan fly lengre og har større sjanse for å gjennomføre oppdrag i dårleg vêr.

Artikkeltags