Rykte ut etter brannalarm på sjukehus i natt

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Like over midnatt fekk brannvesenet melding om svilukt i delar av Førde Sentralsjukehus.

DEL

Brannvesenet rykte ut til sjukehuset etter meldingar om svilukt frå eit obduksjonsrom.

Undersøkingar viste at det var ei vifte som hadde havarert på eit teknisk rom, og ifølgje politiets twittermeldingar, var det ikkje noko fare, og ikkje noko røykutvikling.

Ingen pasientar blei berørt av hendinga, og det var ikkje naudsynt å iverksetje noko evakuering.

Artikkeltags