Bente vil og vil ikkje

Tidlegare ordfførar Bente Frøyen Steindal til venstre overlet kampen om å stå først på Aps liste til kommunevalet til Ola Teigen og Solveig Willis til høgre.

Tidlegare ordfførar Bente Frøyen Steindal til venstre overlet kampen om å stå først på Aps liste til kommunevalet til Ola Teigen og Solveig Willis til høgre. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Bente Frøyen Steindal stiller gjerne på lista til Ap ved kommunevalet. Men det er ikkje alt ho vil.

DEL

FLORØ:?Bente Frøyen Steindal stiller seg til rådvelde for plass på Arbeidarpartiet si liste til kommunevalet. Men ikkje som ordførarkandidat for partiet. Det stadfestar Jan Helge Dale, leiar av valnemnda til Arbeidarpartiet i Flora.Steindal vart historisk som Floras første kvinnelege ordførar då Kolbjørn Dyrli overraskande trekte seg ut av politikken nesten to år før hans tredje periode var over. Etter ti år på rådhuset og 20 år med Ap ved roret måtte Steindal gje frå seg klubba i 2011. Steindal har no meldt frå til valkomiteen at ho ikkje vil vere listetopp for Ap, men at ho gjerne tek på seg andre oppgåver.

Lenge sidan

Til Firdaposten seier Steindal at dette er noko ho bestemte seg for lenge sidan.

– Ut over det vil eg ikkje kommentere avgjerda.

Dermed dukar ho og til for ein rein duell om 1.-plassen og posisjonen som ordførarkandidat mellom Solveig Willis og Ola Teigen. Dei to som dei aller fleste lokale synsarar trur vil det vil stå mellom, når partiet skal peike ut ordførarkandidaten. Willis har etter kvart samla seg stor politisk erfaring både frå bystyret og som nestleiar for Sogn og Fjordane Ap.Teigen er ferskare i politikken, men har synt god teft og hatt ei stigande kurve.

Spenning i Ap

I Arbeidarpartiet har det vore stor spenning til kva Steindal ville svare når nominasjonsnemnda no gjekk ut og spurde dagens representantar om dei ville gå på ein ny runde for partiet.Etter å hatt vervet som ordførar i over ti år, var det få som venta at ho ville akseptere noko anna enn 1.-plassen om ho skulle verte med vidare. Alt anna ville vere ein nedtur. Her overraska Steindal.

Samstundes gjer ho arbeidet lettare for både nominasjonsnemnda og for partiet å stille med nye krefter. For sjølv om Steindal framleis har mange sterke støttespelarar, og siste kommuneval også viste at ho framleis hadde ei stjerne ute blant folk, er det mange i partilaget som trur at partiet vil trenge ei fornying om dei skal greie å ta tilbake makta.Andre har meint at berre Steindal har ein sterk nok posisjon ute blant folk til å utfordre ordførarmakta.

– Har valnemnda lagt noko form press på Steindal?

– Det har vi ikkje, avviser Dale.

Artikkeltags