Bente stør ordførar-oppropet

Artikkelen er over 8 år gammel

- Framandspråklege bør få nynorsk opplæring i nynorske kommunar.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ordføraroppropet mai 2009 er eit rundskriv som oppfordrar ordførarane til å stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege.

No har også Flora-ordføraren, Bente Frøyen Steindal, skrive seg på lista over ordførarar som er einige i dette kravet.

Initiativtakar til oppropet er lærar og leiar i Vindafjord Mållag, Anne-Margrethe Eidhammer.

Eidhammer har bakgrunn som vikarlærar for innvandrarar, og ho har ofte opplevd at framandspråklege har teke kontakt for å få undervisning på nynorsk. Dei har grunngjeve det med at dei både som integrerte og busette i kommunen, og med born som får nynorsk opplæring i skulen, får problem med å skjøna dialekten som ligg nærast opp til nynorsk skriftsspråk.

Mange fortel at dei einsidig vert tilbydd bokmålsopplæring, då det nesten ikkje er nynorske læremiddel å få tak i.

- I altfor mange år har framandspråklege busette i nynorske kommunar med nynorsk opplæringsspråk, fått opplæring på bokmål grunna liten tilgang til undervisningsmateriell, slår Eidhammer fast.

Ho har også snakka med Cappelen, og dei oppmodar om å leggje trykk på Undervisningsdepartementet.

- Vi treng berre klarsignal. Vi har folk til å omsetje, seier talspersonen frå forlaget.

- Departementet har i mange år gitt kommunane påbod om å ta imot flyktningar og asylsøkjarar. Skal folk utanfrå integrerast, må dei og få språket og talemålet vårt, avsluttar Anne-Margrethe Eidhammer oppropet til ordførarane.

Artikkeltags