– Har ikkje sett slike bensinprisar sidan 80-talet

Dette var prisen Robert Endestad betalte for dielsen i Florø onsdag kveld.

Dette var prisen Robert Endestad betalte for dielsen i Florø onsdag kveld. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Diesel på 8-talet i Florø.

DEL

Onsdag kveld fylte Robert Endestad diesel for 8,97 kroner hos Circle K i Florø.

– Det var heilt sprøtt. Dette er den lågaste prisen eg har sett på mange, mange år. Faktisk trur eg at dette var prisen på 80-talet. Utruleg kjekt, seier Robert Endestad til Firda og viser til at den låge dieselprisen nok skuldast eit spesielt tilbod dei hadde på Circle K–stasjonen i Florø.

– Dei har visstnok hatt ein kampanje i samband med overgangen frå Statoil til Circle K-namnet den siste tida. Difor var prisen i utgangspunktet 9,97, men som Extra-medlem fekk du denne kvelden ei krone ekstra i avslag. Difor var det eigentleg heilt sprøtt å sjå 8-talet på diesel då eg fylte tanken, seier Robert Endestad.

Dobbelt så mykje

Ruben Solheim, som er franchissetakar ved Circle K-stasjonen i Florø, viser til at den låge literprisen gjorde sitt til at salet auka kraftig denne dagen.

– Vi hadde ein startpris på 14,04 for bensin, medan den var 12,04 på diesel. I løpet av dagen hamna vi heilt nede på 8-talet for diesel for dei som er medlem i Extra-kampanjen. Og dette hadde som effekt at medan vi på ein vanleg onsdag sel mellom 10 og 11 000 liter drivstoff, så var vi i går oppe i 21 000 liter totalt, seier Solheim.

Pressar prisane

Han viser til at med to automatstasjonar i kystbyen, så er literprisen veldig ofte sett under press.

– Vi har ein tøff konkurranse i mikromarknaden vår her i Florø. Vi justerer prisen etter dei andre stasjonane i byen, og skal heile tida vere konkurransedyktige. Og i går var vi nok ein av dei stasjonane i Norge som hadde lågast pris på drivstoff, seier Solheim.

Han viser til at normalt er prisane på sitt lågaste nivå på måndagar, men at det ikkje vil overraske han om det vil kunne dukke opp prisjusteringar elles i veka i tida som kjem.

– Og med ein pris på 9,97 til vanlege kundar, så var det mange nøgde fjes å sjå på onsdag, seier Solheim.

Han viser også til at stasjonane i Florø hadde ein tilsvarande konkurranse tidlegare i vinter, og at det då var observert dieselpris ned på sjutalet.

Artikkeltags