Benkemysteriet løyst

SØRSTRAND: Kajakkgjengen som oppklara mysteriet med benken. Frå venstre Robin Solberg, Jan Midtbø og Tone Olsen, heilt til høgre, Cesilie Holm og Thea Reksten, midt i bildet  kom for å vasse.

SØRSTRAND: Kajakkgjengen som oppklara mysteriet med benken. Frå venstre Robin Solberg, Jan Midtbø og Tone Olsen, heilt til høgre, Cesilie Holm og Thea Reksten, midt i bildet kom for å vasse. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Har du av dei som har sett ein flytande benk i sjøen i området utanfor flyplassen i Florø?

DEL

Magne Hovland, initiativtakaren til badestranda og eldsjel for opparbeiding av ein folkepark på Sørstrand ved flyplassen, ber folk om å la vere å flytte benkene på stranda ned mot strandkanten slik at ikkje benkene vert tekne av sjøen når det flør.

Forsvann

Her ein dag var plutseleg ein av benkene forsvunnen og vart observert flytande i sjøen utanfor. Hovland var redd for at benken kunne vere til fare for trafikken. Men i går var benken tilbake på sin faste plass på sanden nærast som eit mysterium.

Alt no er det mange som tek turen til Florø badestrand for å vasse eller ta seg ein dukkert i det noko kalde vatnet, eller kose seg med grilling og leik i sanden. I går var det fleire barn og ungdommar innom og vassa berre på den knappe timen Firdaposten var innom området saman med Hovland og Sigmund Frøyen frå Norddalsmarka vel.

Oppklara

Då fekk vi også oppklara mysteriet. Jan Midtbø kom padlande i kajakk saman med Tone Olsen og Robin Solberg og gjorde strandhogg på sanden. Han kunne fortelje at det var dei som hadde berga benken ute i sjøen utanfor og fått han på land. Dei forsto straks kvar benken høyrde heime.

Flinke

Hovland har eit par formaningar til: Ver greie å ikkje lag til bål på sjølve sanden, men bruk heller svaberga. Det er lite kjekt med kol og grillrestar som ligg og grisar til i sanden der ungar skal leike seg. Men elles rosar Hovland dei som brukar badestranda for å vere flinke til å rydde opp etter seg. Og er ikkje alle like flinke, ser det ut til at andre tek ansvar.

No har dei også fått på plass ein bosskonteiner som gjer det enklare å halde det reint og ryddig i området.

Artikkeltags