Gå til sidens hovedinnhold

Florø lufthamn utan statleg støtte frå 2016

Artikkelen er over 6 år gammel

Ordførar Bengt Solheim-Olsen: - Eg er overraska og skuffa.

Avinor har i dag bestemt at Florø Lufthamn skal heilkommersialiserast frå 2016 som einaste lufthamn i fylket.

Rutene til og frå Oslo og Bergen blir lyst ut både på Sandane-Anda, Førde-Bringeland og Sogndal-Haukåsen. Men Florø skal no driftast utan statleg støtte. 

- Eg er overraska over at Florø no blir heilkommerisell, og på vegner av bystyret er eg skuffa. For vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får, seier floraordførar Bengt Solheim-Olsen.

Usikker på kva som skjer

Staten har kjøpt opp ruter til og frå Florø sidan lufthamna vart oppretta i 1973. Korleis flytransporten vil utvikle seg etter at ruta no blir open for alle, er han usikker på.

Bjørn Hollevik, leiar i Florø Industri og næringsforening (FIN) seier til NRK Sogn og Fjordane at han er særdeles skuffa over at regjeringa no opnar for kommersialisering berre på ein av dei fire flyplassane. Han meiner dette vil føre til ein uheldig konkurransevriding.

Solheim-Olsen fortel likevel at han har ei forståing for at regjeringa gjer dette grepet.

Nullanbod sist

- Widerøe la inn eit nullanbod sist, og dette viser at det er trafikkgrunnlag til å drive flyplassen i Florø utan tilskot, seier han.

Likevel har han tru på at ei heilkommersialisering kan opne for at fleire aktørar kan komme inn og konkurrere om passasjerane.

- Florø er i dag den største av kortbaneflyplassane i landet og produserer 200.000 passasjerar årleg. Eg er ikkje tvil om at det finnast aktørar som er villige til å konkurrere om desse passasjerane.

Betre for fritidsreisande?

Han meiner ei heilkommersialisering vil gjere full-flex billettane dyrare (dette er dei mest fleksible billettane som i hovudsak blir nytta av næringslivspassasjerar), men at konkurranse om passasjerane vil slå positivt ut for fritidsreisande slik det gjorde med DAT der dei med kampanjar og billegbillettar ønskte å auke passasjervolumet på kvar avgang.

- Vi kjem no til å lobbyere kraftig opp mot ulike flyselskap for å få dei til å etablere ruter til og frå Florø, og eg er viss på at Florø er ein destinasjon som har kommerisell verdi og interesse for fleire aktørar, avsluttar Solheim-Olsen.        

Kommentarer til denne saken