Kaia du skal leggje til ved er full av folk, og du får heilt skjelven. Slapp av, du er ikkje åleine

IKKJE DETTE: Det er ikkje grunnstøyting som båtfolk opplever som den flauaste tabben å begå på sjøen, merkeleg nok.

IKKJE DETTE: Det er ikkje grunnstøyting som båtfolk opplever som den flauaste tabben å begå på sjøen, merkeleg nok. Foto:

Her er ei oversikt over sjøflausene norske båtførarar er mest redd for å gjere.

DEL

Kaste dreggen i nabobåten? Bli stoppa med for høg promille? Grunnstøyte? Ja, alle desse bommertane er på fryktlista til norske båtførarar. Men det er ikkje den tabben aller flest fryktar mest. Den ser slik ut:

Tenk deg ein solfylt dag, der alt som kan krype og gå er i hamna. Du er på veg tilbake frå langtur, og skal berre roleg gli inn mellom bøyene for å leggje til. Og så bommar du på plassen. Ikkje berre ein, men to gonger. Før du kastar tauet etter ein medhjelpar som står tre meter borte frå der tauet landar. Flaut?

- Vi har sjekka med det norske folk, og svaret er slik: Det klart flauaste er å ikkje klare å leggje til brygga, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

Liberale alko-haldningar

Undersøkinga viste samtidig at berre 57 prosent snest det ville vore flaut å bli stoppa med promille over lovleg grense. Det overraskar alkovettleiaren.

- Når du drikk alkohol, så blir eigenskapar som er heilt sentrale for å føre båt sterkt påverka hos deg. Risikoviljen aukar og du blir meir impulsiv, samtidig som reaksjonstida blir lengre. Det er ei katastrofeoppskrift bak roret, seier Eriksrud.

Stolte folk

Så kvifor er det slik? Svaret kan oppsummerast med eitt ord: Stoltheit.

- Båtfolk har mykje stoltheit for båtfaget. Då er det klart dei kjenner det i magen når båtferdigheitene ikkje er på topp, seier Eriksrud, som rår kapteinar til å erstatte cava med kaffe. Det svekkjer i alle fall ikkje dei kunnskapane ein måtte ha om å føre båten sin trygt til kai.

Undersøkinga til Respons Analyse består av intervju med 1151 båtførarar gjort i mai i år, i alderen 16 til 88, og tabbane dei frykta mest fordeler seg slik:

Ikkje klare å legge til brygga: 66 prosent

Kjøre på/dulte borti andre båtar på veg inn eller ut av hamna: 64 prosent

Å grunnstøyte: 61 prosent

Bli stoppa i promillekontroll med for høg promille: 57 prosent

Kaste dreggen utan å feste tauet: 52 prosent

Kaste dreggen i ein annan båt, eller i slepejolla: 52 prosent

Kjøre over snøret til ein som dorger og få det i propellen: 48 prosent

Gjere feil fordi du ikkje har forstått merkinga: 47 prosent

Falle over bord: 42 prosent

Bli stogga utan redningsvesten på (i båtar der dette er påbode): 42 prosent

Kløne det til når båten skal sjøsettast frå hengar: 39 prosent

Bli stoppa utan båtførarbevis: 33 prosent

Gå med fenderane ute: 24 prosent

Artikkeltags