Blir båt nummer ein million seld her?

Båt- og bymessa Flo & Fjære går av stabelen første helga i mai - og samtidig nærmar vi oss salet av båt nummer ein million her i landet.

Båt- og bymessa Flo & Fjære går av stabelen første helga i mai - og samtidig nærmar vi oss salet av båt nummer ein million her i landet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Talet på norske båtar nærmar seg sjusifra, to veker før årets båtmesse i Florø.

DEL

Talet på fritidsbåtar aukar framleis, og snart bikkar vi millionen. Det viser tal frå den siste båtlivsundersøkinga som blei presentert under den nasjonale fritidsbåtkonferansen i Haugesund torsdag.

Granskinga er gjort av Kongelig Norsk båtforbund, med støtte frå både organisasjonar og statlege etatar, mellom anna Sjøfartsdirektoratet.

- Dette viser vel at sjøliv og båtbruk framleis stør sterk blant nordmenn, seier Endre Solvang, generalsekretær i KNBF.

Men ein ting gler Solvang endå meir:

- Undersøkinga spør også om bruk av flytevest. Og den viser at stadig fleire brukar vest på sjøen. Sjølv om det kan skuldast innføringa av lovkrav om vest, så trur eg stadig fleire ser fordelane, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Om to veker er det klart får båtmessa Flo & Fjære i Florø sentrum. Då vil lokale og regionale båtforhandlarar ha ei rekkje fristande nyheiter liggande i gjestebrygga, som det både er råd å prøve og kjøpe.

Og kanskje blir du båteigar nummer ein million i Norge?

Artikkeltags