40 prosent auke i båtskadar i sommar

Oslo  20150626.
Folk i båt med redningsvester i Oslofjorden.
Fra og med fredag 1. mai er det påbudt med redningsvest for alle i båter under åtte meter. 
En båttur i solskinnet på Olsofjorden er deilig på sommeren.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
NB! MODELLKLARERT

Oslo 20150626. Folk i båt med redningsvester i Oslofjorden. Fra og med fredag 1. mai er det påbudt med redningsvest for alle i båter under åtte meter. En båttur i solskinnet på Olsofjorden er deilig på sommeren. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix NB! MODELLKLARERT Foto:

Fint vêr og mange båtar på sjøen har ført til utbetalingar på nærare 8 millionar kroner etter grunnstøytingar og kollisjonar med fritidsbåtar.

DEL

- Ei oversikt frå Gjensidige viser at selskapet i perioden april til august har registrert 55 båtskadar i Sogn og Fjordane. Dette er ein auke på over 40 prosent samanlikna med i fjor, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i selskapet.

For forsikringsbransjen totalt anslår Voll at kan det vere snakk om nærare 200 båtar i Sogn og Fjordane som har køyrt på grunn, kollidert eller fått annan skade.

Gjennomsnittsskaden hos Gjensidige ligg på rundt 40.000 kroner.

- Det er gjerne motor og skrog som får gjennomgå når ein køyrer på grunn, noko som ofte medfører store og kostbare skadar. I nokre tilfelle snakkar vi om skadar på opp mot fleire hundre tusen kroner, seier Voll.

- I enkelte periodar har takstmenn i Gjensidige hatt over ti saker på bordet samstundes. Vi hadde nok forventa fleire skadar på grunn av det fine vêret denne sommaren, men at auken er så kraftig, overraskar oss, seier Voll.

Skadane vert dominerte av at båtar har gått på eit skjer eller på land eller køyrt på flytande gjenstandar i sjøen. Det har også vore fleire kollisjonsskadar i samband med at ein legg til eller frå kai.

- Vi veit at mange kjøper båt med litt for stor motor før naudsynt kompetanse er på plass. Da nyttar det ikkje med kostbart navigasjonsutstyr om en ikkje kan bruke verktøyet, seier Voll.

Artikkeltags