Lokal siger i det åttande Poker Run

Kalvåg og Knutholmen er eitt av stoppa i det sosiale båtløpet.

Kalvåg og Knutholmen er eitt av stoppa i det sosiale båtløpet. Foto:

FLORØ: 24 båtar og vasscooterar deltok i årets løp.

DEL

– Vi er veldig godt nøgde og har fått gode tilbakemeldingar frå tilreisande frå Hordaland, Møre og Sogndal. Både tilreisande og lokale sette pris på ein slik flott dag på sjøen, seier Henning Solheim frå arrangørgjengen.

Åttande året

Det var i utgangspunktet han og Dan Roger Book som starta Poker Run for åtte år sidan, men sidan har dei fått forsterkingar på arrangørsida:

– Anders Cassells, Eivind Brendø, Kristoffer Kvamme, Elise Vee og Marius Jacobsen, men han måtte på jobb i Nordsjøen, ramsar Solheim opp og legg til at dei allereie har byrja å tenke på neste år.

Solheim seier dei er veldig godt nøgde med ruta og skjærgarden vi har å vise fram.

– Og då sjølvsagt spesielt til dei som ikkje er herifrå. Det å komme til Kalvåg med fin bevertning, noko vi også fekk i Rognaldsvåg, det er utruleg kjekt. I Rognaldsvåg stilte grendelaget med kaffi og sveler på kaia og dei heldt butikken open for oss. Så det må trekkast fram som eit stort, stort pluss å komme ut der, skryt Solheim, og legg til at det å legge igjen nokre kroner på ein av lokalbutikkane kvart år, er eitt av hovudmåla til arrangørane.

I tillegg til Rognaldsvåg og Kalvåg, var flåten innom Barekstad for å hente eitt kort til pokerhanda der. Dei to andre korta blei utleverte ved avgang og ankomst i Florø.

Ser framover

Om kvelden var det premieutdeling og tapasbuffet på Sentrum Bar.

Den som har beste pokerhand vinn pokal, heider og ære, og her var det Vidar Tansøy og Roy Nordal som bokstaveleg tala hadde dei beste korta på hand.

– Men vi fekk og sendt ein premie med gjengen frå Møre, dei hadde den raskaste båten under 25 fot.

Dette er 8. året Poker Run blei arrangert, og det har forlengst blitt ein tradisjon. Det er ikkje fritt for at arrangørgjengen allereie har byrja å gløtte litt lenger fram - til tiårsjubileet.

– Vi har allereie byrja å leike med tanken på å gjere det vesle ekstra det året, ja, bekreftar Solheim, utan at han vil røpe kva dei har tenkt.

Alt i alt er Poker Run-gjengen veldig nøgde med helga. Dei har fått god hjelp frå alle involverte. Sjølv har Solheim ikkje delteke så aktivt i år.

– Eg tok og slappa av og var passasjer i år, på grunn av eit par krykker, seier han.

Men neste år blir korta delte ut på nytt.

Her ser du ein serie av deltakarane sine eigne bilde frå løpet:

Artikkeltags