To personar i sjøen, vart kasta av ribbåt i fart

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Alle i båten skal no vere gjort rede for, melder politiet.

DEL

Operasjonssentralen i vest politidistrikt melder laurdag føremiddag at ein båt har gått rundt nær Førde.

Det var totalt tre personar i båten. To av desse hamna på sjøen, og den tredje er att i båten, melder politiet.

Først meldt som båtvelt

Melldingane gjekk først på at det var ein båtvelt, og operatør Nina Andal ved Alarmsentralen i Florø fortalde til Firda at det var ein ribbåt som hadde velta. Ulykka skal ha skjedd ved Steinen i Førde.

Klokka 11.31 vart det meldt av politiet at alle i båten er gjort rede for. Ingen av dei tre er i sjøen.

Innsatsleiar for politiet på staden, Trond Hatlenes, fortel at det ikkje var snakk om ein båtvelt, som først meldt.

To av dei tre ombord i ribbåten skal ha blitt kasta av i fart. Ifølgje Hatlenes skjedde dette etter ein kombinasjon av fart, krapp sving og ei bølge.

Ein sendt til legevakt

Hendinga skal ha skjedd midtfjords ein stad mellom Steinen og Hornnes, og Hatlenes fortel at ein fiskebåt i nærleiken kom til for å hjelpe etter ulykka.

– Alle er komne på land. Ein av dei tre er sendt til legevakt, seier Hatlenes.

Innsatsleiaren fortel at ribkøyringa skjedde i privat regi, og at alle tre var heimehøyrande frå Førde. Ein av dei to som fall på sjøen hadde ikkje redningsvest.

Artikkeltags