Barnevernsbarn bur på hybel utan tilsyn

Foto:

Ungdom som bur på barnevernshyblar i Sogn og Fjordane og Hordaland bur utan tilsyn, sjølv om dei ikkje er myndige.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Bufetat har i alt 16 leilegheiter og hyblar rundt om i Hordaland og Sogn og Fjordane. Her bur ungdommar heilt ned i 16-årsalderen aleine - utan tilsyn. Dei er under barnevernet si omsorg, men skal stelle seg sjølv og få trening i å stå på eigne bein.

Dei fleste har ei lang historie bak seg i barnevernet, med opphald på institusjonar. Lista med problem i oppveksten er som regel: Omsorgssvikt, vald, psykiske problem, atferdsvanskar, rusbruk, avbroten skulegang og foreldre som ikkje greier å ta vare på dei, skriv Bergens Tidende .

Problemet synest å vere forvirring om kven som har ansvaret og faktisk skal utføre tilsyn.

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) region vest meiner det er Fylkesmannen sitt ansvar. Men Fylkesmannen har ei anna oppfatning.

- Hyblane fell utafor institusjonsbegrepet, slik vi har sett det. Vårt tilsyn har vore avgrensa til institusjonar med døgndrift. Dette er eit tilbod vi ikkje har definert som vårt ansvar, seier seniorrådgjevar Eirik Lyssand hos Fylkesmannen i Hordaland til Bergens Tidende.

- Men vi prøver å finne ut av dette no, faktisk, seier Lyssand.

Les meir i Bergens Tidende

Artikkeltags