Christoffer er fylkets flinkaste industrimekanikar: - Eg var litt nervøs

Christoffer Sønnervik vart fylkets beste industrimekanikar i årets fm i yrkesfag.

Christoffer Sønnervik vart fylkets beste industrimekanikar i årets fm i yrkesfag. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Christoffer Sønnervik frå Flora vidaregåande skule stakk av med prisen som beste industrimekanikar under fylkeskåringa ondag.

DEL

At Sogn og Fjordane har flinke yrkesfagelevar blei fylkesmeisterskapen i yrkesfag eit godt bevis på denne veka.

Onsdag konkurrerte 133 elevar konkurrerte februar i til saman 20 ulike fag under fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule. Og ein av vinnarane blei ein Florø-gut.

Krevjande oppgåver

I klassen for industrimekanikk var det Christoffer Sønnervik som blei årets vinnar og stakk av med den høgthengande prisen. Han går på VG2 industriteknologi ved Flora vidaregåande skule.

- Eg var veldig nervøs i starten, sidan det var heilt nye maskiner og framandt lokale, vedgår Sønnervik.

Konkurransen gjekk ut på å maskinere ein bolt til rette mål og toleranse. Deretter skulle denne monterast i eit lagerhus på ein brakett som dei først hadde merka opp, bora hol i og sveisa saman.

Då hadde dei fått utdelt teikningane på førehand slik at dei kunne planlegge litt.

- Vi hadde tre timar på jobben. Eg byrja halv elleve og slo av dreiemaskina akkurat klokka halv to, fortel han.

Leiar for hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger, opna konkurransen, som tok til kl. 10.00. Etter fire timar med varierte og krevjande konkurransar, var det tid for å kåre vinnarar og dele ut premiar.

Christoffer trur det kan ha bidrage til sigeren at han er veldig interessert i dreiing.

- Eg synes det er kjekt å produsere. Ein kan lage stort sett det ein vil.

Til sommaren skal han ut og søke lærlingplass. Då skulle ein tru denne sigeren blir kjekk å ha i lomma.

- Det trur eg bedriftene vil like! smiler han.

Sogndal vgs heldt ope hus

Alle konkurransane var opne for publikum, og elevar ved Sogndal vidaregåande skule var guidar og fortalde om dei ulike faga. Ungdomsskuleelevar var spesielt inviterte til å kome å sjå faga utført i praksis.

Fylkesmeisterskapen i yrkesfag, 2018:

Fag

Vinnarar

Skule

Automasjon

Ole Kristian Vedvik, Ingar Hjelle

Eid vgs

Helsearbeiderfaget

Johanne Vedvik, Julie Nilsen Sundal, Helene Josefine Beinnes, Birgitte Sørpoll

Måløy vgs

Kokkefag

Sander Øen Omberg, Johanna Magdeli Utvær Petterson

Måløy vgs

Industri mekaniker

Christoffer Sønnervik

Flora vgs

Industriell Møbelproduksjon

Audun Henden

Eid vgs

Lette kjøretøy

Vilius Janulynas

Sogndal vgs

Design vg2

Ingrid Alpen

Eid vgs

Barne og ungdomsarbeidarfaget vg2

Sara Solberg, Roxana Pascu, Yana Voby, Sandra Leirgulen

Flora vgs

Transport og logestikk

Sivert Bruland

Mo og Øyrane vgs

Bilskadde og lakkefaget

 

Per Martin Lomheim

Mo og Øyrane vgsAnleggsteknikk

 

Nikolai Ullebø Skår

Mo og Øyrane vgs

Sveisefag

Olav Andreas Bøthun

Mo og Øyrane vgs

Servitør

Jorunn Fimreite Davidsen og Olav Mjell Hofsvik

Sogndal vgs

Røyrleggjar vg2

Hallvard Ødegård Bjørk

Sogndal vgs

Betong

Jakob Ruud

Sogndal vgs

Salsfaget

Amalie Grindedal, Sara Nygård Olsen, Martine Linde Hauglund, Julie Vindedal

Sogndal vgs

Ventilasjon og blekkslager vgs

Olav Martin Ås

Sogndal vgs

Dataelektronikkarfaget

Michal Berg og Mathias Øvreseth

Eid vgs

Elektrikar  vg2

Benjamin Wolff

Høyanger vgs

Tømrar vg2

Jørgen Rønne Solås

Mo og Øyrane vgs

Artikkeltags