Nytt treningstilbod i Florø: – Fint å komme hit og trene skikkeleg

POSITIVE: Henriette Nekkøy og Astrid Berg er førebels dei yngste på Friskis og Svettis Ung-treningane.

POSITIVE: Henriette Nekkøy og Astrid Berg er førebels dei yngste på Friskis og Svettis Ung-treningane. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: Henriette (14) og Astrid (14) er glade for å endeleg ha eit ordentleg treningstilbod som inkluderer dei under 16 år.

DEL

– Det er så fint å kunne komme hit å trene skikkeleg, i staden for å berre sitte heime i sofaen.

Det seier Henriette Nekkøy, som er ein av to 14-åringar som fast møter på Friskis og Svettis Ung kvar onsdag.

Friskis og Svettis Ung er eit rimelegare alternativ som består av grunnleggjande trening for ungdom mellom 13 - 19 år. Treningane er i Florahallen. Det er avisa Firda sin UNG-redaksjon som skriv dette.

Med fokus på teknikk og samhald håpar instruktørane å halde på deltakarane så lenge som mogleg.

– Eg elskar styrketrening, spesielt det adrenalinrushet vi får av treningane her, seier Astrid Berg.

Jentene seier at mange på deira alder føler at dei ikkje treng trening. Det meiner Astrid og Henriette at dei bør revurdere. 

– Alle treng trening, ikkje berre blir ein sterkare, og så er det veldig sosialt, seier dei.

Foto:

Perfekte treningstider

Ingvild Erdal Nybu (17) byrja på Friskis og Svettis Ung som erstatning for fotballen, då dei ikkje hadde treningstider som passa for ho.

– Treningane her er onsdagar kl. 16.30-17.30, og det passar perfekt både for ungdomskule- og vidaregåande elevar som alle er ferdig tidleg, seier ho.

Nybu har dette å seie til dei som lurer på om dette kan passe for dei:

– Prøv! Det fine med å vere her er først og fremst det gode miljøet og så er det gode og billige treningar med veldig flinke instruktørar. Alle som vil kan komme hit på prøvetime, og folka her er kjempehyggelege.

Foto:

Merkar stor framgang

– Maks fire på kvar stasjon. Ingen åleine!, er beskjeden gruppa får frå instruktør Elina.

Elina Korssund Andrianopoulos (28) og Marte Osland Aarberg (33) har ansvaret for denne gjengen kvar onsdag. Dei har begge gått grunnkursa til F&S for å bli godkjende instruktørar, og førstnemnde har også spesialisering innan vektstang og cirkelfys.

– Vi har sidan oppstarten hausten 2017 merka stor framgang hos elevane. Mange som kjem hit for første gong har aldri praktisert slik type trening før, og læringskurva er bratt hos alle, fortel dei to.

Treningane deira består førebels berre av sirkeltrening, men ungdommane er også velkomne på dei andre treningane til Friskis og Svettis, utan ekstra kostnadar.

– Treningane våre er sosiale og bidrar positivt både psykisk og fysisk. Tilbodet er nærmast gratis og ein treng heller ikkje være 16 år, slik som på mange av treningssentera. Her slepper ein konkurransepresset og fokuset er individuelt i grupper, seier dei.

Instruktørane legg vekt på at dette er eit tilbod for alle, uansett nivå og kjønn. Mange byrjar frå start.

Foto:

Artikkeltags