Avlyser kajakktreff

NYTT: Hans Erik Stenseth og Kjetil Høidal driv Florø-selskapet Kyst Aktiv. Dei prøver igjen med nytt treff i august.

NYTT: Hans Erik Stenseth og Kjetil Høidal driv Florø-selskapet Kyst Aktiv. Dei prøver igjen med nytt treff i august. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Fykteleg verutsikt og dårleg påmelding gjer at det ikkje blir kajakktreff på «Florøs riviera» denne helga.

DEL

Det var Hans Erik Stenseth og Kjetil Høidal i Kyst Aktiv som inviterte til kajakktreff på Sørstrand denne helga.

Planen var å samle både nybegynnarar og erfarne kajakk-entusiastar til kurs og fellesturar.

– Det er meldt om eit heilt forferdeleg ver, mykje vind og så skal det regne heile tida. Så når det då er så få påmeldte vel vi å avlyse, seier Stenseth.

Ti personar har meldt seg på treffet, tre av dei på kurs.

– Hadde det vore meldt eineståande ver hadde vi gjennomført treffet uansett. Men det blir så lite lystbetont når veret er så dårleg, seier Stenseth.

Arrangørane prøver att ei helg i august.

– I tillegg til å prøve kajakk for første gang blir treffet ein flott sjanse til å få nye turvener og kontaktar i eit fellesskap av padlarar i Florø, seier Stenseth.

Artikkeltags