Kommunen set ut ekstra søppelcontainer i Ausevika

Bosscontainarane står overfyllte i Ausevika.

Bosscontainarane står overfyllte i Ausevika. Foto:

DEL

Etter at Firdaposten 28. juli skreiv om at søppelcontainerane i Ausevika er fulle og luktar, har Flora kommune no gjort grep. I ein e-post til Firdaposten skriv leiar Sigmund Solheim i Teknisk drift at dei no har sett ut ein ekstra container på 660 liter ved Ausevika, slik at kapasiteten blir større i sommarmånadane. Han presiserer samstundes at alle hyttecontainerane i kommunen blir tømt kvar måndag av SAR, og at containerane også blir sjekka kvar andre veke av eigne folk i samband med henting av restavfall i heile distriktet. Han gjer også merksam på at hyttecontainerane ikkje skal nyttast av andre ei dei med hytterenovasjon.

Artikkeltags