Gå til sidens hovedinnhold

Åtte hjortar påkøyrde siste veka

Artikkelen er over 8 år gammel

Med hausten kjem også auken i talet på hjortepåkøyrsler. Veit du kva du skal gjere om uhellet råkar deg?

Klokka halv to natt til fredag small det igjen. Ein bilist køyrde rett i ein hjort ved Helgøytunnelen på riksveg 5 mellom Florø og Grov. Samanstøyten denne gongen var så kraftig at bilen ikkje var køyrbar etter kollisjonen med dyret. Hjorten døydde momentant etter samanstøyten.

Slik blir ikkje utfallet kvar gong bil møter dyr. Ofte blir dyret skadd, og ettersøksekvipasjar må i sving for anten å friskmelde dyret, eller forsøke å få avliva det.

Kvar haust aukar talet påkøyrsler. Årsaka er samansett. Mørke kveldar, ofte med regn og dårleg sikt, gjer forholda for bilistane meir utfordrande. Samtidig er hjorten meir i rørsle enn på sommaren. I skogen pågår jakt, noko som ofte skapar eit press og får hjorten til å forflytte seg. Og sjølv utan jakt er hjorten på trekk, frå høgareliggande sommarbeite i indre område, og ut mot overvintringsområda lenger vest. Det betyr at vegar må kryssast, og det skjer ofte nattestid.

I politiets operasjonslogg går det fram at åtte hjortar har blitt påkøyrde siste veka her i fylket. Både i Flora, Førde, Gaular og Sogndal er det påkøyrt dyr, og dei samfunnsmessige kostnadene er store.

Etter det Firdaposten kjenner til, har det så langt ikkje gått tapt liv i samband med hjortepkøyrsler her i fylket. Men personskader blir det når dyr på opp mot fleire hundre kilo brått står i vegen for stål og glas i 80 kilometer i timen. Seinast sist veke blei ei kvinne i 20-åra skadd på Fylkesveg 614 mellom Svelgen og Florø. Sjølv om ho ikkje køyrte på eit dyr, var hjort i vegbana den direkte årsaka til at ho mislukkast med ein unnamanøver og enda utfor vegen.

Dersom du er uheldig å køyre på hjort, bør du merke deg dette:

1. Du har varslingsplikt. Ring politiet på 02800, som tek seg av å kontakte lokal ettersøksring for å søkje etter dyret.

2. Forlat ikkje åstaden utan å varsle, då bryt du lova. Dine observasjonar og opplevingar er viktig for ettersøksarbeidet som snart skal starte.

2. Prøv ikkje å avlive eit eventuelt skadd dyr på eigahand. Overlat dette til fagfolk.

3. Har du køyrt på ein hjort som i etterkant stikk skadd til skogs, sørg først for å sikre ulukkesstaden, bilen din og deg sjølv med varseltrekant i vegbana. Gå ikkje ut i vegbana utan å iføre deg refleksvesten du er pålagt å ha (og sjølvsagt har liggande?) i bilen.

4. Merk mest mogleg nøyaktig påkøyrslepunktet, og plassen der du såg hjorten stikke til skogs. Merkeband som er spesielt tilpassa kan du få gratis hos Norges Jeger og Fiskerforbund og ha liggande i bilen din. Merkebanda inneheld også ei hugseliste på kva du skal gjere om uhellet er ute.

Korvidt du passar på å følgje regelverket om du køyrer på vilt i vegbana, vil også ha betydning for økonomien din. Fleire forsikringsselskap tek no dette med i betraktninga når det gjeld eigenandelsvurdering og bonustap ved påkøyrsler.

Kommentarer til denne saken