Håpar denne «Atløy»-modellen kan snu tunge tider

F.v.: Styreleiar Sander Ødelien i Veteranbåtlaget Atløy, banksjef Ole Aukland og leiar Leif Kvalvik i Atløys venner med modellen av «Atløy».

F.v.: Styreleiar Sander Ødelien i Veteranbåtlaget Atløy, banksjef Ole Aukland og leiar Leif Kvalvik i Atløys venner med modellen av «Atløy». Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Sparebanken Sogn og Fjordane er på flyttefot, og har den siste tida donert vekk ei rekkje av dei gamle klenodia i gamlebygget i Strandgata som dei ikkje treng i nyebygget i Byporten. Torsdag gav dei ein kring 15 år gammal modell av veteranbåten «Atløy» til det som kan kallast dei naturlege eigarane, nemleg Atløys venner. Modellskipet vart i si tid kjøpt for kring 30.000 kroner av modellbyggar Ragnar Kristiansen. No er håpet at modellen skal generere pengar til drift og vedlikehald av den ekte vara.

– «Atløy» gjekk med eit underskot på millionen i fjor. Dette modellskipet skal vi lodde ut. Sist gong vi hadde lotteri fekk vi inn mellom 80.000 og 90.000 kroner. Håpet er at vi denne gongen skal bikke 100.000. Det ville hjelpt mykje etter det som har vore eit tungt år for «Atløy» med både underskot, maskinproblem og mangel på mannskap, seier styreleiar i Veteranbåtlaget «Atløy», Sander Ødelien. Det er veteranbåtlaget som er reiarlaget, medan Atløys venner driftar båten.

LES OGSÅ: Usikker på vidare drift av «Atløy»

I tillegg til modellskipet gav banken dei eit skilt av den første fiskedamparen, DS «Høvding», som vart bygd ved Kristiansands Mek. i 1908. Dette skiltet håpar dei å selge til Ulriksen-familien, som eigde «Høvding» i si tid. «Høvding» skal ha vore den første båten som snurpa etter lodde.

– Vi er veldig takksam overfor Sparebanken Sogn og Fjordane som ser verdien i å halde drift i veteranbåten vidare, og donerer desse to slik at vi kan få inn sårt etterlengta midlar, seier Ødelien.

Artikkeltags