Kajakkpadlar sakna i Askvoll

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Redningshelikopter, redningsskøyte, båt frå Røde Kors og frivillige er sett i søk etter ein mann i 60- åra

DEL

Det melder Hovudredningssentralen i Sør Norge klokka 12.20.

Kajakkpadlaren, ein mann i 60-åra, er sakna ved Melvær i Askvoll, melder Firda.

– Mannen er ikkje blitt sett på to dagar, seier Erik Villassen ved hovudredningssentralen.

Kajakkpadlaren er ikkje heimehøyrande i området, men er på besøk.

Eit redningshelikopter er på veg til staden, og vil ifølge Villassen vere framme innan klokka 12.40 måndag.

– Vi har også ein del båtar som er i ferd med å kome til området.

Klokka 13.00 melde HRS at den sakna var funnen i god behald.

– Det viste seg at det var ei misforståing, seier Villassen til Firda. 

Redningshelikopteret var på staden og stod over bilen til den sakna manna, då mannskapet såg nokon som stod og lasta opp kajakken sin.

– Sidan bil og kajakk stemte overeins med den sakna, sendte helikopteret ein redningsmann ned. Det viste seg at alt var i skjønnaste orden med mannen, men at det hadde vore ei misforståing med familien, seier Villassen.

Artikkeltags