Fire personar redda frå brennande fraktebåt ved Askvoll

Slik ser havaristen ut torsdag morgon, då ekspressbåten til Bergen køyrde forbi.

Slik ser havaristen ut torsdag morgon, då ekspressbåten til Bergen køyrde forbi. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: Redningsmannskap klarte å redde dei fire ombord etter at ein fraktebåt gjkk på grunn og begynte å brenne like utanfor Askvoll sentrum natt til torsdag.

DEL

– Alle dei fire er henta ut frå det brennande frakteskipet som har gått på grunn ved Flatøya like utanfor Askvoll sentrum.

– Tre er frakta til Florø med helikopter, ein blir med ein båt til Bergen. Ingen av dei er komne alvorleg til skade. Det kan vere snakk om eit armbrot for den eine, men alle har komme frå det i god behald, seier Ola Vaage ved HRS Sør-Norge til Firda.

Redningsaksjonen vart avslutta like over halv to natt til torsdag.

– Båten brenn framleis. Kva skjer med den?

– Det blir opp til kystverket. No når redningsaksjonen er avslutta, er det dei som tek over. Dei er på veg til staden med ein slepebåt, seier Vaage.

Gjekk på grunn og tok fyr

Hovudredningssentralen sa like over midnatt at båten stod i full fyr, og at det var fire personar om bord.

– Vi jobbar no med å redde dei ut frå båten. Båten ligg og dunkar mot Flatøya utanfor Askvoll, sa Ola Vaage ved Hovudredningssentralen i Sør Norge då.

Svært dårleg vêr vanskeleggjorde redningsaksjonen.

Båten er ikkje synleg frå Askvoll sentrum, men flammane er godt synleg over Prestøya. Flatøya, der fraktebåten har gått på land og teke fyr, ligg like bak Prestøya, sett frå Askvoll sentrum.

Fleire båtar kom fort til staden, både redningsfartøy og andre båtar.

– Det er komme eit helikopter som heng like ved den brennande båten, sa ein firdatipsar klokka 01.20.

– Oi-oi -oi. No blussar det skikkeleg opp, seier tipsaren like etter.

Artikkeltags