Fabrikk i brann

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det braut ut brann i krabbefabrikken på Herland på Atløy laurdag morgon.

DEL

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane fekk melding om brannen i halv sju tida laurdag morgon. Det er Løkeland krabbefabrikk på Herland på Atløy i Askvoll kommune som stod i full fyr i morgontimane, skriv Firda.

- Bygget består av ein gammal del og ein ny del. Den gamle delen skal vere nedbrent, men nybygget er intakt, opplyser vaktleiar ved alarmsentralen, Siv Sørstrand.

Brannvesenet rykte ut frå Askvoll og skal no ha kontroll over brannen. Dei næraste naboane har vorte evakuerte.

På eit tidspunkt fekk ein god kontroll over flammane, men utpå føremiddag blussa delar av brannområdet oppatt, ifølgje Firda.

Politiet eller brannvesenet veit førebels ikkje korleis brannen skal ha oppstått.

Artikkeltags