Får ikkje støtte frå fylkes-Ap

– MÅ SJÅ FRAMOVER: – No må vi sjå framover, og ikkje sette intensjonsavtalen i spel, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Foto: arkiv

– MÅ SJÅ FRAMOVER: – No må vi sjå framover, og ikkje sette intensjonsavtalen i spel, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Foto: arkiv

Artikkelen er over 1 år gammel

Denne veka er det fylkestingssete i Florø. Her vil Sp forsøke å få ny debatt om samanslåinga med Hordaland, med no vil ikkje Ap ha omkamp.

DEL

Senterpartiet kan truleg sjå langt etter noko støtte frå Arbeidarpartiet, ifølge Bergens Tidende.

– Vi må vareta våre interesser. Det gjer vi best ved å halde oss til realitetane. No må vi sjå framover, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) til avisa.

Har vingla

I vinter sa Sogn og Fjordane Ap ja til den nye vestlandsregionen med Hordaland.

Men på eit representantskapsmøte i partiet tidleg i sommar snudde Ap, og dei gjekk i valkamp med løfte om å stanse fylkessamanslåinga.

No er fylkespolitikar Åshild Kjelsnes heilt klar på at dei vil halde på den forhandla fram avtalen med nabofylket.

– Vi kan ikkje gjere noko som set intensjonsplanen vår med Hordaland i spel, seier ho til BT.

Samstundes seier Ingrid Heggø til Firda at ho vil fremje forslag om oppheving til Stortinget tysdag: Ber Stortinget oppheve fylkessamanslåinga

Forslag måndag

Senterpartiet vil i fylkesutvalet måndag kveld ta opp saka, med håp om å få omgjort samanslåingsvedtaket. Aleksander Øren Heen seier til NRK at dei jobbar med eit framlegg., og har som mål å få med seg fylkestinget på eit vedtak som skrinlegg samanslåinga med Hordaland. Deretter vil dei ta saka vidare til Stortinget.

Partiet har også allereie fremma forslag i Stortinget om å oppheve fem fylkessamanslåingar, blant dei denne, i tillegg til oppheving av tvangssamanslåinga av fleire kommunar.

Dette forslaget vart lagt fram i slutten av september. Sp sin plan er at eit nytt Storting med eit svekka fleirtal for regjeringa, skal vurdere samanslåingsvedtaka på nytt. Håpet er å få med seg KrF på laget, og såleis vippe fleirtalet.

Mild kritikk

Kjelsnes seier at dei kan vere med på ein tekst som kjem med mild kritikk mot prosessen, men at det ikkje er aktuelt å støtte noko som set intensjonsavtalen med Hordaland i fare. Avtalen seier mellom anna at den administrative leiinga for veg- og kultursektoren skal ligge i Sogn og Fjordane. Det skal også opprettast eit investerings- og disposisjonsfond der heile utbyttet frå Fjord1-salet og det fylkeskommunen måtte ha av aksjeverdiar i Sogn og Fjordane Energi skal plasserast.

Artikkeltags