- Dette er ein idé nestleiaren vår Unni Furnes lanserte under styremøtet vårt i januar. Dette er noko dei gjorde med hell i Dale, og då tenkte vi å gjennomføre noko liknande, seier sanitetsleiar Else Marie Seim til Firdaposten. For å skape vellyd i kyrkjerommet no i midtveka har blandakoret Koriander teke riksvegen vestover frå Eikefjord for å opptre i to avdelingar. Og saniteten har i tillegg til koret eit flott program å presentere. Tidlegare lensmann i Flora, Rolf Endestad, vil deklamere dikt av Dale sin eigen Jakob Sande, og guide og kyrkjetenar på Kinn, Gry Seim, skal spele tverrfløyte denne kvelden. Den unge garden er også representert. Sissellinn Nybø, Linn Sunnarvik, Sunniva Seim og Elin Seim som tidlegare i år har spelt for kulturministeren, er allereie på plass.

– Vi kan love ein hyggeleg kveld, og vi baserer oss på å hente dei som har behov for skyss, fortel Else Marie Seim og oppmodar folk om å støtte opp om kulturtiltaket denne onsdagen.