Årets namn 2004

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: I konkurranse med 11 andre kandidatar, er Ingvald Ytrehus frå Svelgen kåra til årets namn 2004 i Firdaposten. Ingvald fekk heile 42 prosent av i alt 23 147 stemmer.

DEL

Torsdag møtte Firdaposten den glade vinnaren i Svelgen, og han takka varmt for utmerkinga.

– Dette må eg seie var uventa, eg er overvelda over at så mange har stemt på meg, sa han rørt.

Og det er tydeleg at Svelgarane har mobilisert for å få sambygdingen sin til topps. Med heile 9722 stemmer vart han den suverene vinnaren i konkurransen. Og at han er ein verdig vinnar, er det ingen tvil om. På årsmøtet til Svelgen Turn og Idrettsforening ei stund før jul, fekk Ingvald Ytrehus den prestisjetunge eldsjelprisen frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel for sin utrulege innsats for friidretten i bygda. I 30 år har han trena barn og unge, og han har ingen planar om å gje seg. Ungane står i kø for å bli med på treningane, og han tek imot dei med glede og stor entusiasme. Ingvald kan også sjølv vise til ein lang friidrettskarriere, han kan skilte med eit utal topplasseringar, først som senior og sidan som veteran, både i krinsmeisterskap og i NM-samanheng. Han var aktiv på friidrettsbana fram til for fire år sidan, då ein hofteskade gjorde at han måtte gje seg med aktiv idrett.

Artikkeltags