Gå til sidens hovedinnhold

Flora har størst reduksjon i arbeidsløysa i fylket

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: Den positive utviklinga på arbeidsmarknaden held fram.

– Arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane er inne i ei svært positiv utvikling, med svært få ledige og mange utlyste stillingar, fortel Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane. Ved utgangen av oktober var det 747 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 29 færre enn i oktober i fjor og svarer til ein nedgang på 4 prosent, skriv Nav i ei pressemelding.

Med ein arbeidsløyse på 1,3 prosent har Sogn og Fjordane har stadig lågast arbeidsløyse i landet. Troms er nærast med 1,5 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 7 prosent frå oktober i fjor. Det er no 61 531 heilt ledige, tilsvarande 2,2 prosent.

Størst reduksjon i Flora

11 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i oktober. Størst reduksjon har Flora og Hyllestad, med høvesvis 28 og 26 færre ledige enn på same tid i fjor.

10 av kommunane har ei arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare. Aller lågast er Hornindal med 0,5 prosent. I den andre enden finn vi Flora og Bremanger, begge med 2,0 prosent. 

Industri, bygg og anlegg står for det meste av nedgangen i arbeidsløysa. Her er det til saman 58 færre ledige enn i oktober i fjor.

– Dette er mannsdominerte næringar, og difor ser vi også at menn totalt sett har ein reduksjon i arbeidsløysa på 12 prosent, mens kvinner har ein auke på 13 prosent. Auken blant kvinner er størst innan butikk- og salsarbeid, seier Thorsnes.

I oktober var det 19 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. Denne månaden var det ingen permitterte i fiskeindustrien.

Størst nedgang for dei over 30

Det er aldersgruppene over 30 år som står for nedgangen i arbeidsløysa. I dei yngre aldersgruppene er arbeidsløysa litt aukande. Aldersgruppene 40-49 år og 50-59 år har størst reduksjon, begge med 19 prosent

Det vart registrert 541 nye ledige stillingar i oktober, ein auke på 40 prosent frå oktober i fjor. Auken er størst innan industri og det er som vanleg flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg.

Kommentarer til denne saken