Færre arbeidsledige i Flora og Bremanger det siste året

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

FLORØ: I juli var arbeidsløysa i Vestland fylke på 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Det er 1300 færre enn året før.

DEL

I Flora og Bremanger er det også skjedd ein positiv endring sidan i fjor. I Flora kommune er det i dag 130 heilt ledige. Det er 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Men det er likevel 41 færre enn i same periode i fjor. Det viser tal frå Nav.

Også i Bremanger ser det lysare ut for dei arbeidsledige. I dag er 40 personar heilt arbeidsledige i Bremanger, altså 2,3 av arbeidsstyrken. Det er 19 færre arbeidsledige enn same periode i fjor.

I Vågsøy er det derimot inga nedgang i arbeidsløysa. Vågsøy har ifølge Nav nest høgaste arbeidsløysa i Vestland fylke. I juli var det 106 heilt arbeidsledige i kommunen. Det er 3,4 prosent av arbeidsstyrken, og fire fleire enn året før.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,4 prosent av arbeidsstyrken – ein nedgang på 1292 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,5 prosent.

Fungerande direktør i NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen merkar seg at det er nokre aldersgrupper som skil seg ut med høgare arbeidsløyse. Trass stor nedgang, har mellom anna kvinner mellom 25 og 39år vesentleg høgare arbeidsløyse enn snittet i dei to fylka.

– Vi kjenner ikkje årsaka til dette, men med tanke på at mange arbeidsgivarar opplever utfordringar med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft, ser vi at det ligg ein unytta ressurs i denne gruppa, seier Hysing-Olsen og legg til:

.– Arbeidsmarknaden på Vestlandet går godt, men vi vet som kjend utfordringane dette fører med seg når det gjeld å fylle ledige stillingar, seier Hysing-Olsen.

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (914), industriarbeid (817) og serviceyrke og anna arbeid (799), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (122) og akademiske yrke (127) og blant leiarar (193).

Tjueni kommunar har under 1,5 prosent ledige. Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden i Fjell (-87 personar), på Os (-74 personar). og på Bømlo (-55 personar). I Bergen kommune er det no 4045 ledige, som er 716 færre enn i fjor. I juli er det høgst arbeidsløyse i Selje (4,4 %), Vågsøy (3,4 %) og Sund (3,3 %), medan heile tjueni av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1,5 prosent ledige.

Artikkeltags