Best i landet nok ein gong, sjå tala for din kommune

Frode Henden *** Local Caption *** Nav - arbeids- og velferdsetaten, Nav Førde, Nav Sogn og Fjordane, fylkesarbeidssjefen, Langebruvegen, reform

Frode Henden *** Local Caption *** Nav - arbeids- og velferdsetaten, Nav Førde, Nav Sogn og Fjordane, fylkesarbeidssjefen, Langebruvegen, reform Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Også i september er Sogn og Fjordane best i landet med færrast ledige og størt nedgang.

DEL

Ved utgangen av september var det 872 personar som var heilt utan arbeid. Dette utgjer 1,5 prosent, og er klart lågast i landet, går det fram av ei pressemelding frå NAV som Firda viser til.

Ned 14 prosent

Og med ein reduksjon på 14 prosent samanlikna med same månad i fjor er Sogn og Fjordane, saman med Nord-Trøndelag og Telemark, fylket med størst nedgang i arbeidsløysa.

–Denne fine utviklinga vert bekrefta av god stillingstilgang også denne månaden med ein auke på 10 prosent. Ettersom september gjerne er den månaden i året med lågast arbeidsløyse er ikkje dette uventa. Vi har om lag 100 fleire på tiltak enn i fjor og dette bidreg monaleg til dei låge tala vi registrerer i dag, og framover kan vi forvente at tala aukar noko, seier Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane.

Flott utvikling på kysten

Arbeidsløysa på kysten er uvanleg låg med Flora (2,7%), Bremanger (2,4%), Vågsøy (2,0%) og Selje (2,0%). Dette er ein følge av høg aktivitet innan fiskeindustrien med svært få permitterte. I den andre enden av skalaen finn vi Gloppen, Aurland, Vik, Leikanger og Solund med under 1 prosent utan arbeid.

Behovet for arbeidskraft aukar

NAV har registrert 356 nye stillingar i september som er ein auke på 10 prosent frå i fjor. Helse, pleie og omsorg er den klart største gruppa med 120 stillingar. – Mange av desse stillingane krev faglært personell og det er liten tvil om at særleg kommunane våre har vanskar med å få nok kvalifiserte søkarar, seier Henden. Også innan bygg og anlegg og industri har vi mange stillingar ledige med til saman 75 nye i september. Når vi i tillegg veit at ein stor del av rekrutteringa her skjer utan utlysing ser vi at behovet for nye tilsette er omfattande. 

Nedgang nasjonalt

Også på landsnivå ser vi no ein gledeleg om enn liten nedgang på -1 prosent tilsvarande 1 110 personar. Talet på ledige i landet er no 78 513. I september er det berre dei 3 andre vestlandsfylka og Vestfold igjen i landet som framleis har auke, men også hjå dei er auken klart på veg nedover.

Arbeidsløysetal Sogn og Fjordane, september 2016:

Sogn og Fjordane
 Antall Prosent av arbeids-styrkenEndring   fra i fjor    AntallEndring   fra i fjor Prosent
Sogn og Fjordane8721,5-144-14
Flora1732,7-8-4
Gulen141,1-1-7
Solund****
Hyllestad121,6-6-33
Høyanger401,9-13-25
Vik130,9-6-32
Balestrand81,1-7-47
Leikanger80,7360
Sogndal551,3817
Aurland70,7-2-22
Lærdal151,3-3-17
Årdal361,3-2-5
Luster391,4-5-11
Askvoll231,5-2-8
Fjaler181,3-3-14
Gaular161,0323
Jølster221,4422
Førde881,2-35-28
Naustdal271,814
Bremanger472,4-16-25
Vågsøy612,0-14-19
Selje292,0626
Eid461,4-3-6
Hornindal71,1-2-22
Gloppen240,814
Stryn411,0-40-49

Artikkeltags