Nedgang i arbeidsløysa i fylket

Ola Teigen, ordførar (Ap) i Flora kommune.

Ola Teigen, ordførar (Ap) i Flora kommune. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I år er 150 fleire personar i arbeid i Sogn og Fjordane enn på denne tid i fjor. Ifølge ei pressemelding frå NAV som Firda viser til, ligg nedgangen i arbeidsløysa på om lag 13 prosent. Totalt 993 står utan arbeid i slutten av juli. Det gir fylket ei arbeidsløyse på 1,7 prosent.

Presseansvarleg Frode Henden meiner desse tala er svært gode, og noko betre enn det dei hadde forventa.

Grunnen til auken i sysselsettinga ligg i høgt aktivitetsnivå hos store næringar i fylket. NAV trekker ut butikkar, sal og industri som bransjar som har bidrege til dei gode tala. Kommunane med sterkast nedgang er Luster, Lærdal og Årdal, medan Selje, Bremanger og Flora framleis har høgast prosent arbeidsløyse.

Samanlagt i Norge har arbeidsløysa auka med tre prosent frå juli i fjor, men heile 12 fylke har sett ein nedgang i talet på arbeidslause. I tillegg ser det ut til at situasjonen rundt områda ramma av nedgangen i oljeindustrien, har stabilisert seg.

Artikkeltags