Gå til sidens hovedinnhold

Nav spår færre arbeidslause vestlendingar i 2019

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: I 2019 blir talet på arbeidsledige i Sogn og Fjordane og Hordaland rundt 1000 færre enn i dag, seier Nav etter å ha sett inn i glaskula. Men vi manglar stadig fleire sjukepleiarar.

Nav Vestland ventar større fall i ledigheita i Hordaland og Sogn og Fjordane enn elles i Norge.Situasjonen i arbeidsmarknaden har betra seg, og utsiktene for neste år er gode: Nav trur arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2019 vert redusert med nye 10 prosent, eller om lag 1000 personar.

Anne Kverneland Bogsnes blir frå nyttår fylkesdirektør i nyetablerte Nav Vestland. Den nye direktøren blir ansvarleg for eit område med gode utsikter i arbeidsmarknaden.

– Dei økonomiske utsiktene for Vestland i 2019 er gode. Veksten i global og norsk økonomi trekk i positiv retning, samstundes som det er forventa store investeringar i oljesektoren, seier Bogsnes i ei pressemelding frå Nav.

Oljeinvesteringar dreg lasset

I bedriftsundersøkinga våren 2018 var verksemdene knytt til oljeindustrien svært optimistiske. Auka investeringar i oljeindustrien var ei hovudårsak til dette. Det er venta at investeringane i hovudsak vil føre til auka sysselsetjing innan industri og tenesteyting.

– Vi ventar at utbyggingsprosjekta innan oljeindustrien vil påverke sjølve oljeutvinninga og røyrtransporten i liten grad, og vi trur derfor at sysselsetjinga i 2019 vil halde seg relativt stabil, med ein liten nedgang på 1,6 prosent, seier Bogsnes.

Det er venta større vekst i sysselsetjinga i Bergensområdet, og mindre i Sogn og Voss/Hardanger.

– Det er òg til dels eit stabilt trekk at dei urbane og oljepåverka områda rundt Bergen står for mykje av svingingane i sysselsetjinga i Vestland, mens dei meir tynt folka indre strøka har meir stabilitet over tid, seier Bogsnes.

For få sjukepleiarar

Samanlikna med fjoråret, har mangelen på arbeidskraft auka i Hordaland, medan den har blitt redusert i Sogn og Fjordane.

I Vestland har mangelen på sjukepleiarar auka det siste året, og er den yrkesgruppa der verksemdene meldar om størst mangel på arbeidskraft. Yrka som har hatt størst auke i mangelen på arbeidskraft det siste året er programvareutviklarar og systemanalytikarar/-arkitektar. Det er venta at mangelen på arbeidskraft i desse yrkesgruppene vil halde fram med å auke dei komande åra.

Elles ventar Nav god etterspurnad frå næringslivet etter nye arbeidstakarar, og særleg i samband med turisme, tenesteyting og helsetenester.

– Vi ventar òg ein relativt høg befolkningsvekst og auka yrkesdeltaking, seier Bogsnes.

Kommentarer til denne saken