På Furuhaugane fekk Khamshajiny «Kamzy» Gunaratnam, også møte pasientombodet for Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, og eldregeneralen i Flora kommune, Jostein Midtbø. Her fekk dei snakke uformelt om utfordringane kommunane møter i helse og omsorg, samtidig som dei fekk smake på maten som Flora kommune serverer dei eldre i kommunen.
– Bakgrunnen for møtet er at pasientomboda har utfordra kommunane og institusjonseigarane til å bli betre på å informere om kva rettigheiter ein har som brukar av tenestene. Vi treng ein bevisstgjering, både hos eigarane, brukarane og dei tilsette om dette. Tanken var dermed at vi kunne teste maten frå det sentrale kjøkkenet i Flora, samtidig som vi hadde ein uformell samtale om utfordringar i omsorga, fortalde Ola Teigen etter middagen.
Det har vore ein debatt om maten til dei eldre den siste tida, der regjeringa no ønsker å legge til rette for å få kjøkkenet tilbake på institusjonane. Det er ikkje aktuelt i Flora kommune, slo ordføraren fast.
– Vi har ingen planar om det nei, sentralkjøkkenet vårt lagar næringsrik mat av høg kvalitet.
Kamzy Gunaratnam gav skryt til maten, sosekjøtt og ein sviskedessert, og sette pris på å få komme ut i distrikta og observere at sjølv om det er skilnad i størrelse på Oslo og Flora, er utfordringane i omsorga mykje det same.
– Det er fint å få bekrefta at vi har dei same utfordringane, sjølv om Oslo er stort. Maten var veldig god, eg trudde først ho sa at vi skulle få sossekjøtt, og då blei eg litt uroa, men det var godt!