Ap-landsmøtet seier nei til kommunetvang

Åshild Kjelsnes under årsmøtet til Arbeidarpartiet.

Åshild Kjelsnes under årsmøtet til Arbeidarpartiet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Arbeidarpartiet vil ikkje tvinge kommunar saman – frå neste stortingsperiode av.

DEL

Landsmøtet i Arbeidarpartiet seier nei til tvangssamanslåing av kommunar, ved at omgrepet «som hovudregel» vart fjerna frå forslaget til redaksjonsnemnda. Det vart også presisert at kommunesamanslåing skal skje på frivillig basis. I programmet står det no «Arbeidarpartiet meiner det er fornuftig med endringar i kommunestrukturen, der dette tyder ei styrking av tenestetilbodet til innbyggarane våre. Endringane skal baserast på frivillegheit og gode lokale prosessar».

– Vi i redaskjonsnevnda meinte at «som hovedregel» burde stå, men så kom benkeforslag om å fjerne dette. Det vart eit «close race» under avrøystinga, fortel tidlegare fylkesordførar Åshild Kjelsnes til Firdaposten. Ho og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad sat saman på møtet. Begge var imot benkeforslaget.

Men så er det store spørsmålet; vil dette seie at Arbeidarpartiet er mot kommunetvang?

– Vi må nesten sjå kor strengt vi skal tolke det. Det må vi tenke litt på. Men vi har ikkje vore for tvang, vi meiner det skal vere frivillig. Så får vi sjå kva konsekvensar dette vedtaket får, det kan eg ikkje forskottere no, legg ho til berre ein time etter at vedtaket er fatta.

Men kva med tvang overfor Bremanger? Slik Kjelsnes tolkar vedtaket, vil ikkje det at Ap har programfesta at dei utelukkande er imot kommunetvang ha tilbakeverkande kraft. Med andre ord, om vedtak om tvang er gjort før stortingsvalet, vil ikkje Ap nødvendigvis gjere om på det.

– Dette er eit program for kommande periode, og det står at når vi skal jobbe vidare for dette, skal det baseres på frivillighet. Vi seier kommunereforma skal vere basert på frivillige prosessar framover, vi har ikkje tatt stilling til det som har skjedd før. Men dette får vi ta litt etter litt, seier Kjelsnes.

Artikkeltags