Gå til sidens hovedinnhold

Arbeid i tunnelane

Artikkelen er over 9 år gammel

Vedlikehaldsarbeid i tunnelane mellom Isane og Grov pågår for tida. Bilistane må rekne med å vente nokre minutt for å sleppe igjennom.

Mesta er i gang med ny vedlikehaldsrunde på tunnelane mellom Isane og Grov på Rv 614. I dag torsdag held dei på i tunnelane kring Svelgen.

– Vi skal inn og reinske opp i alle tunnelane mellom Isane og Grov. Vi er nett ferdige i Isetunnelen på Isane, og er no i Svelgen for å reinske opp. Vi kjem til å halde på både denne og heile neste veke med dette arbeidet. Vi har følgjebil som følgjer bilane igjennom dei større tunnelane, seier vegmeister Hans Hjorteset.