Gå til sidens hovedinnhold

– Ap vil pulverisere ungdomsmiljøet

Artikkelen er over 17 år gammel

EIKEFJORD: Eikefjord er i harnisk etter at bystyregruppa til Arbeidarpartiet vil flytte elevane ved ungdomsskulesteget ved Eikefjord skule til Flora ungdomsskule.

Det hevdar Brigt Samdal, leiar for Eikefjord Grendeutval. Han karakteriserer Ap-gruppa si handtering som heilt uforståeleg og uventa.

– Dette kan berre komme frå politikarar som skal ut av politikken og ikkje må stå til ansvar for standpunkta sine, påstår Samdal. Han sjølv har fått ein 43. plass på Arbeidarpartiet si liste til kommunevalet i haust.

Blenda

Samdal har likevel merka seg eit lite håp. Leiar for bystyregruppa til Ap, Petter Refsnes, presiserte i Firdaposten at alle forslag skal vidare gjennom ei grundig behandling i ulike organ i partiet, før Ap-gruppa skal ta endeleg avgjerd.

– Eg får tru at Ap til då har funne andre måtar å spare inn overskridingane sine på enn å rasere skuletilbodet i Eikefjord. Det er tydeleg at Ap denne gongen har vore blenda av økonomi, og ikkje av kva følgjer dette vil få for indre delar av kommunen, påstår Samdal.

Han minner om at heile saka faktisk gjeld å gje ungdommen gode og trygge oppvekstvilkår i ein periode av livet då dette er særleg viktig. Han minner òg om at mange av elevane dette gjeld ikkje kjem frå Eikefjord sentrum, men frå bygdene rundt.

Lang skuleveg

– Ein kan berre tenkje seg korleis reisetida for elevar frå Ramsdal, Løkkebø, Svardal og Nyttingneset vil verte, for å nemne nokre bygder. Mange kan få ein skuleveg til Florø på fem mil.

Samdal slår fast at ungdomsskulen er ein veldig viktig institusjon i bygda –

Tenk berre kva følgjer forslaget kan få for ungdomsarbeidet. Ei flytting av elevane til Florø vil pulverisere tilhøyret til bygda og det gode ungdomsarbeidet her. Han dreg inn politiet i same slengen.

Politiet har gitt klar beskjed om kor viktig det er at vi held ungdomen i bygda lengst muleg, slik at dei ikkje trekkjer til Florø i fritida.

Usikre tal

Argumenta kjem veltande frå den frittalande grendelagsleiaren. Som så mange andre stiller han også spørsmål ved sparetala som hittil er berekna for ulike tiltak. Det er på tide at dei blir å lite på, påstår han

Han kallar forslaget om å flytte ungdomsskuleelevane til Florø for eit slag i ansiktet på grendelaget sitt arbeid for å utvikle Eikefjord som tettstad og trekke til seg tilflytting.

– Eg kan ikkje forstå at det er slike grep Ap vil ta. I ei vanskeleg tid for kommunen burde ein likevel greie å sjå framover og legge til rette for den ekspansjonen vi vil få i Eikefjord. Grendelaget ønskjer Ap med på dette laget og ikkje som ein motspelar, seier Brigt Samdal til slutt.