Gå til sidens hovedinnhold

- Ap har ikkje sett seg inn i saka

Artikkelen er over 8 år gammel

Kjell Humlestøl meiner det er feil å sei at trasévalet over Storebru ikkje har vore ute på høyring.

- Det er fascinerande at Solveig Willis, som har vore i bystyret i så mange år, er heilt uvitande om kva ho har balt med tidlegare.

Mot betre vitande

Det seier Humlestøl til Firdaposten. Han framheld at traséen for 420kV-linja som til sist vart vald, er den same traséen som Statnett søkte om i 2007.

- Har dei ikkje visst om denne traséen, så veit ikkje eg. Det er berre å gå inn og sjå på saksgongen bakover i tid, så ser ein kva alternativ som har vore arbeidd med, seier Humlestøl oppgitt.

Han meiner også at Flora kommune snakkar mot betre vitande når dei brukar linja sin nærleik til Eikefjord skule som «kronargument», som han seier.

Dei klagde jo på Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) si faglege tilråding om å la linja gå oppe i lia over Hovlandsstøylen - dette står i brev til OED datert 26.06.2009, der dei ønskjer trasé 1 vestover til Hatleset, slik at den følgjer eksisterande linje, framheld han.

Han har problem med å forstå kva argument Ap har hatt for å be om eit krisemøte på Statsministerens kontor no, som dei ikkje har hatt før.

- Dette berre beviser at dei ikkje har sett seg inn i saka tidlagare, hevdar han.

Personlege omkostningar

Humlestøl føler og at saka har hatt store personlege omkostningar for han sjølv.

- Eg har vorte ut sett for alvorleg bygdesladder. Anten ser folk stygt på meg, eller så ser dei vekk. Berre det å gå på butikken er vanskeleg. Men eg har vore open og ærleg på alt eg har sagt og gjort i denne saka, seier han.

Det var spesielt etter TV2 sitt oppslag med antydingar om partikameraderi i Sp, der dei peikar på ein mail Humlestøl sende til Sp-topp Jenny Følling, at Humlestøl føler det har blitt ekstra vanskeleg.

- Då vi var på synfaring, fekk vi vite at om vi hadde klager eller synspunkt, så kunne vi formidle dette heilt fram til vedtaket kom, poengerer han.

No har han ikkje helse til å gå på jobb.

- Eg er nøydd å vere heime og hente meg inn att og samle krefter til å gå på jobb. Ein kan snakke om å vise omsyn til folk, men det er ikkje så mange som har vist omsyn til meg, avsluttar han.