Ap beheld Flora-ordføraren

Artikkelen er over 15 år gammel

FLORØ: Maktfordelinga i Flora blir uendra etter valet. Ap og Bente Frøyen Steindal beheld ordførar-taburetten trass i at dei har tapt fire mandat.

DEL

Firerbanden, Ap, SV, KrF og Sp, har klart fleirtal i det nye bystyret med tilsaman 28 mandat. Ap får 17 (-4), SV får 5 (+2), Sp får 3 (+1) og KrF får 2 (-1). Dette betyr at SV har gjort eit historisk sterkt val. Sp kan også notere seg for eit sterkt val.

I den andre blokka ser vi at Venstre har gjort eit kjempegodt val og får 6 mandat (+1), medan Høgre går tilbake med 1 til 8 mandat. Frp aukar med to mandat til 4 i bystyret og kan notere seg for solid valresultat.

Artikkeltags